frikkistudio_alexrostad-42+%282%29.jpg
 

Frikk gjeilo

 

Instagram

BIOgrafi

 

Frikk Gjeilo (f. 1989) frå Lom i Gudbrandsdalen, er låtskrivar, lyriker og musikar. I eit lite laftehus med torvtak voks han opp, og han byrja skrive allereie i tidleg skulealder. Han vart likevel vaksen før han valde å dele tekstene sine, og ved ei tilfeldighet havna songane i Klokkereint på Gjøvik.

Tekstene og musikken kjem til live med mellom anna dei profilerte folkemusikarane Mari Midtli (song) og Bjørn Kåre Odde (fiolin). Spennet i lydbiletet på plata er stort, frå det vare og enkle til dei større musikalske romma. Frikk si nære stemme fargar tekstene på plata. Dette er musikk rett frå hjartet, ufiltrert og ektefølt. I tekstheftet kan du lese om ein gudbrandsdøl sine personlege refleksjonar om eksistensen, draumar og kjærleik.

Debutsingelen Planet kom i januar 2020 og har vore lista på NRK P1 Innlandet sidan. Singlane Våradonia, Parallellgata, Stjernestup, Heile dalen og Ridgeway følgde, før debutalbumet Hyttebok endeleg kom ut i september 2021.

Frikk skriv også musikk til andre, og har m a. skrive dei fleste tekstane på Aslak Brimi sitt barnealbum Teleskopter, som kom ut hausten 2022. Han er allereie i gang med sitt andre studioalbum Heim åt meg, som er venta våren 2023.